Russland tredoblar gull-reservane i førebuing til fullskala økonomisk krig med USA

0
The World Gold Council er en markedsorganisasjon for gullindustrien. De er den globale autoriteten vedrørende gull-markedet.

Av Jay Syrmopoulos.

Russlands sentralbank har meir enn dobla tempoet på gullkjøpa sine, og tredobla gullreservane sine – frå kring 600 tonn til 1800 tonn – og driv dermed dei internasjonale gullreservane sine til det høgaste nivået sidan Putin vart president for 17 år sidan, i følge World Gold Council.

Drivkrafta for den massive auken til Russlands gullreservar er det sterke ønsket deires om å bryte laus frå overherredømet til den US-amerikanske petrodollaren og dollar-baserte betalingssystem. I dag er over 60 prosent av dei globale reservane i dollar og 80 prosent av globale betalingar blir gjort med dollar, i følge James Richards, forfattar av boka Currency Wars.


Denne artikkelen av Jay Syrmopoulos ble først publisert på Free Thought Project. Oversatt av Monica Sortland og publisert på Derimot.no.


The World Gold Council er en markedsorganisasjon for gullindustrien. De er den globale autoriteten vedrørende gull-markedet.

I tillegg er USA det einaste landet som har vetorett i Det internasjonale pengefondet (International Monetary Fund, IMF), kjent som den globale långivaren ein vel som siste utveg. Derfor er eit av dei viktigaste våpna til Russland, i krigen for å fri seg frå petrodollaren sitt overherredøme, gull.

Årsaka til at gull er så kritisk viktig, er at det ikkje kan manipulerast i den USA-baserte økonomiske krigføringa, ettersom det ikkje kan frysast ut slik som andre former for digitale og papir-fullmakter kan.

Gull kan ein enkelt og greit laste på pallar og skipe til ein annan stat for å gjere ei betaling, og såleis unngå målretta økonomiske sanksjonar som ofte blir brukte av USA til å tvinge fram geopolitisk samtykke hos Russland og andre land. Den strategiske signifikansen til gull er så stor at sjøl då oljeprisane og russiske finansielle reservar kollapsa i 2015, heldt dei fram med å skaffe gull.

Faktisk stod Russland for 38 prosent av alt gull kjøpt av sentralbankar i andre kvartal av 2017. Den massive auken i russiske gullreservar har skjedd samtidig med at dei har halde seg borte ifrå kjøp av utlandsk valuta i over to år.

Sjøl då den globale etterspurnaden etter gull fall til det lavaste på to år i andre kvartal, heldt Russland oppe sin sterke posisjon, på grunn av at gull er ei av dei geopolitisk tryggaste investeringane i verda. I ei tid med stadig meir økonomisk krigføring, med petrodollaren brukt som våpen av USA, er gull ein måte å kome utanom US-amerikanske sanksjonar på.

«Gull er ein verdi som ikkje er avhengig av noka regjering, og dermed – med tanke på kva reservane vanlegvis inneheld – heller ikkje av noka vestleg regjering», sa Matthew Turner, metall-analytikar hos Macquarie Group i London. «Dette kan freiste, sidan Russland har støytt på finansielle sanksjonar.»

I tillegg til å vere den største internasjonale kjøparen av gull, er Russland også ein av dei tre største gull-produsentane i verda, ettersom Sentralbanken i Russland kjøper gull frå innanlandske miner ved bruk av kommersielle bankar, og ikkje i den opne marknaden.

Russlands akselererte tempo på gullbarre-kjøp starta i 2007, med eit russisk gullforråd no firedobla til 1556 tonn ved slutten av juni. Når det gjeld totale reservar, ligg no Russland rett bak Kina, og har større gullreservar enn India, Mexico og Tyrkia samanlagt, med ein total på nær $427 milliardar i reservar.

Forrige artikkelElizabeth Warren: Primærvalget var rigget til fordel for Clinton
Neste artikkelArrestordre mot Catalonias president