Revolusjonen i Rojava

0

Av Erling Folkvord.

2012-revolusjonen i Rojava starta bygginga av ei samfunnsording som er ulikt alt anna i Midt-Austen. Rojava er namnet på dei områda i Nord-Syria der kurdarane er i fleirtal.

PYD (Det demokratiske einskapspartiet) slutta seg ikkje til opprøret mot president Assad lenger sør i landet i 2011. Medleiar Salih Muslim i PYD hevda den gongen at maksimum ein tredjedel av befolkninga kom til å støtte ein av partane. Det store fleirtalet kom berre til å bli krigsoffer.

Sommaren 2012 var Assad og regjeringa i Damaskus svekka både militært og politisk. Og befolkninga i Rojava fann seg ikkje lenger i å bli styrt og undertrykt på den gamle måten. PYD, som vart oppretta i 2003,  hadde drivi ideologisk folkeopplysning i mange år. Partiet har same ideologi som PKK (Det kurdiske arbeidarpartiet). PYD hadde og folk med våpen og  greip sjansen som var der i juli 2012. Dei utnytta situasjonen og ga Assad sine menn eit ultimatum: Forlat Rojava innan 24 timar – utan våpen.

Maktovertakinga gjekk i hovudsak fredeleg for seg. Regjeringsstyrkane gjorde motstand berre nokre få stader. President Assad brukte flyvåpenet i Serê Kaniyê, ein by som er omtrent like stor som Moss. Eg har sett bombekratera i eit av boligområda der.

PYD vil ikkje opprette ein kurdisk stat. Dei vil heller ikkje dele opp Syria. Ut frå dette er det logisk at dei let den syriske regjeringa ha kontroll over flyplassen og ein del av Qamishlo, den største byen i Rojava.

PYD har høgare mål enn å skifte ut Assad: Frå fridomen i Rojava til eit demokratisk, føderalt Syria. Denne parolen for ein demokratisk revolusjon i heile landet er noko heilt anna enn dei ulike måla USA-koalisjonen og diverse jihadist-grupper slåst for. USA vil erstatte Assad med eit regime som tar ordre frå Washington. USA har aldri kjempa for demokrati i Midt-Austen.

Erling Folkvord i Rojava

Eit nytt samfunn veks no fram i Rojava. Det kan bli ein modell både for folka i resten av Syria og i andre statar i Midt-Austen: Ei sekulær samfunnsordning med eit tverrkulturelt folkestyre der kvinner skal ha like mykje makt som menn. Da er kvinnekvotering utilstrekkeleg. Medleiar-ordninga er eit langt steg framover: Ei kvinne og ein mann deler leiarvervet. Det gjeld internt i PYD, i mange andre sivile organisasjonar og i dei folkevalde organa.

Heile Midt-Austen er ein mosaikk av kulturar, språk og religionar. PYD legg særleg vekt på at dei ikkje-kurdiske folka skal ha plass i styringsorgana: Arabarar, turkmenarar, assyrarar, tsjerkessarar, armenarar, for berre å nemne nokre. Eitt eksempel: Kurdiske Hedya Yosef og arabiske Mensur El-Selum er likestilte medleiarar i Føderasjonen Nordlege Syria. Dette er eit større område enn Rojava og omfattar store område der dei fleste er arabarar.

Mest muleg av makta skal ligge nederst. Med norske begrep ville vi kanskje sagt grendeutval eller kvartalskomitear og at dei utviklar eit folkestyre nedafrå. Ein utlending som korkje snakkar kurdisk eller arabisk, kan i begrensa grad vurdere kva slags makt desse organa har i kvardagen.

Men ein ting er sikkert: Rojava-modellen skaper samhald og gir den tverrkulturelle befolkninga så mykje makt og sjølvtillit at fleire enn president Assad blir skremt. President Erdoğan i Tyrkia, kong Salman i Saudi-Arabia og Tamim, den 37 år gamle emiren i Qatar, ser det nye Rojava som eit trugsmål. Presteregimet i Iran, president Trump i USA og mange andre statsleiarar ser det på same måten.

Folkestyret i Rojava, har derfor mange fiendar. Den militære alliansen dei akkurat no har med USA mot IS (Islamsk Stat), endrar ikkje dette. Jonathan Cohen, som er talsmann for det amerikanske utanriksdepartementet, sa nyleg at dette er eit taktisk og mellombels samarbeid i kampen mot IS. Fordi USA ikkje fann andre som kunne føre bakkekrig mot IS.

President Erdoğan  har støtta IS i mange år for at dei skulle øydelegge Rojava. Da IS mislyktest, sende han i august 2016 den tyrkiske hæren over grensa til Syria med eit tydeleg oppdrag: Øydelegg samfunnsordninga i Rojava. I dag okkuperer Tyrkia eit område like stort som Vestfold. Ingen bør undrast over at amerikanske fly var med og beskytta invasjonsstyrken. USA har jo i meir enn 30 år gitt militær og politisk støtte til den krigen ulike tyrkiske regjeringar har ført mot kurdarane.

For nokre veker sia møtte eg medleiar Leyla Mustafa ved Rojava sitt representasjonskontor i den kurdiske delen av Irak. Da eg spurde om det militære samarbeidet med USA, svara ho mellom anna:

«Den største feilen tidlegare kurdiske leiarar har gjort, er at dei har stolt på USA og Russland. Rojava har lært ei lekse av dette. Det er greitt å ha relasjonar til andre land. Vi ønskjer det. Men dei skal ikkje styre oss. Derfor snur vi aldri ryggen til dei. Vi stoler på folket vårt, ideologien vår og dei avgjerdene vi sjølv tar.»

Folket i Rojava hadde rett til å gjere opprør i 2012. Steg for steg bygger dei ei ny samfunnsordning. No forsvarer dei det nye samfunnet mot mange og mektige fiendar.

Dei treng støtte – og dei fortener det.

 

Erling Folkvord, medlem i Rødt.

Først publisert som kronikk i Klassekampen.

Forrige artikkelBelgiske marxister er størst i måling, men vil ikke i regjering før partiorganisasjonen er sterkere
Neste artikkelHelge Lund fikk 350 norske årslønner for ett år