Avtalen har vi allereie

0

Av Anders M. Andersen

Nestleiaren i Industri og Energi, Frode Alfheim, meiner å vita at vi ikkje kan få slik god handelsavtale med EU som den vi gjorde i 1973. Trur Frode Alfheim sjølv at han veit dette? I så fall treng ingen andre tru det. Det står i EØS-avtalen at når EØS ikkje lenger gjeld, tek handelsavtalen til å gjelda. Forhandlingar trengst ikkje. Vi har avtalen.

Dei som hugsar så langt tilbake, vil minnast at i 1973 heitte det frå Ja til EU-folka som hadde tapt,  atvi kom ikkje til å få nokon avtale. Men alle vart samde om at avtalen var svært god.

No som då ser dei skråsikre allvitarane på ja-sida bort frå det som alltid gjeld. Ein avtale blir gjort ut frå felles interesser, og er ikkje noko den eine parten «får».

EU har like god bruk for avtalen som vi har. Våre ressursar og den sterke økonomien vår er realitetar. Det som òg er realitetar, er at EU-marknaden er i djup krise, er mykje svakare enn før, og unionen har gjort sosial dumping til system som både undergrev konkurranseevna og trugar livsinteressene til arbeidsfolk EØS-avtalen er ein stor fare for norsk arbeidsliv, og må forandrast eller seiast opp.

Vi har ein mykje betre avtale.

Anders M. Andersen,

førsteamanuensis i nordisk litteraturvitenskap ved Universitetet i Stavanger

 

Først publisert som leserinnlegg i Klassekampen 11. mai 2017

 

KampanjeStøtt oss

Du kan diskutere artikler fra steigan.no på: https://motdagforum.no

Bruksanvisning for å bli medlem er her:
https://steigan.no/2021/03/bruksanvisning-for-a-registrere-bruker-pa-mot-dag-forumet

Du kan abonnere på steigan.no her. Det koster ingenting.

Men hvis du vil være med på å opprettholde og styrke vår kritiske og uavhengige journalistikk, kan du også gjøre det:

Vipps: 116916.

Eller du kan betale inn på Mot Dags støttekonto: 9001 30 89050 – eller gå inn på vår betalingsordning.