Fusk og fanteri i det offentlege skuleselskapet NDLA

0

Av Øyvind Andresen

Det er avdekka mange lovbrot i NDLA (Nasjonal digital læringsarena) som er eigd av fylkeskommunane.  Dette kjem fram i eit oppslag på nettsida til NRK Hordaland 25. mai.  NDLA har ulovleg kjøpt tenester av IT- konsulentselskapet Cerpus AS  for millionbeløp og prøvd å skjule det i ein årsrapport.

«Vi såg at det sat menneske med doble roller i selskapet. Dei var utleigde frå Cerpus til NDLA, og tok avgjerslene om innkjøp. Ein av desse var ikkje berre tilsett, men også ein stor eigar i Cerpus», seier Rune Mathisen til NRK. Han er utpeikt til talsmann av varslarane i NDLA

Om ikkje dette er korrupsjon, kva er da korrupsjon?

NRK skriv vidare:

I fjor kunne NRK fortelje at Nasjonal digital læringsarena (NDLA), som er eigd av 18 norske fylkeskommunar, over lang tid hadde brote lova i stor stil då dei kjøpte tekniske tenester.

Cerpus AS var selskapet som selte tenestene til NDLA. Og årsmeldingane til NDLA og rekneskapane til Cerpus fortel med all tydelegheit at NDLA var ein viktig kunde:

Av 29 millionar Cerpus hadde i inntekter i 2014, kom minst 22,5 millionar kroner frå NDLA.

I tillegg viste det seg at fleire personar jobba både for Cerpus og NDLA – og at Cerpus fekk sjå innhaldet i NDLA sine kontraktar med andre selskap.

Det framgår i oppslaget at daverande styreleiar fekk fjerna denne grafen  ifrå årsrapporten 2013:

BLEI FJERNA FRÅ ÅRSRAPPORTEN: Denne grafen, som tydeleg syner kor mykje NDLA kjøpte frå Cerpus kontra dei andre leverandørane, låg inne i utkastet til årsrapporten for 2013. Men den blei fjerna før rapporten blei publisert.

Varslarar truga

Deloitte slår fast i ein rapport at NDLA har utsett ein medarbeidar for gjengjelding i strid med arbeidsmiljølova.

Dette skjedde etter at vedkommande melde om kritikkverdige forhold knytta til habilitet og innkjøp, ifølgje rapporten. Men det har vore fem andre varslarar også som har vore utsette for gjengjelding, melder NRK.

Varslaren Rune Mathisen seier til NRK dette om den daglige leiaren for NDLA, Øivind Haanes:

 – På eit møte på eit hotell i Bergen trekte han meg til side i ein korridor, og spurte heilt konkret: «Er det du som har snakka?». Det var veldig ubehageleg.

Øivind Høines kan ikke hugse nokon slik  episode.

Ikkje meldt til politiet

Nasjonal digital læringsarena (NDLA) er eigd av 18 av 19 norske fylkeskommunar, og jobbar i dag med å erstatte lærebøkene i alle fag i den vidaregåande skulen med digitale læremiddel. Selskapet blir administrert av Hordaland fylkeskommune.

Saka var kjent for Hordaland fylkeskommune allereie i fjor. Men det kjem ikkje fram i NRKs oppslag at saka er meldt til politiet av fylkeskommunen trass i openberre lovbrot. Viss dette er rett, må ein spørje seg: Skal dei ansvarlege gå fri? Kan  nokon ha tillit til dagleg leiar Øivind Haanes etter dette? Er det fritt fram for lovbrot i offentlege verksemder?

Eg har tidligare skrivi om korleis den norske læringsteknologi-næringa er i sterk vekst, og at ho på kort tid har vaksi til over 60 selskap.  Cerpus AS  er eit av desse saman med Visma og It`s Learning.

Dei offentlege budsjetta er mjølkekua for desse selskapa.  Men dette er i tillegg eit døme på at lysskye metodar er brukt i  samspelet mellom offentlege institusjonar og  IT-selskapa.

 

Først publisert på bloggen til Øyvind Andresen

 

 


Selskapet Mot Dag AS er nå formelt stiftet og vil være eier av nettstedet   steigan.no. Vi holder på med å tegne aksjer, og vil du være medeier, kan du tegne deg nå. Her finner du tegningsdokumentet. Konto for innbetaling av aksjekapital er 9001.29.79990.

 

Forrige artikkelDe flesta av USA:s stridande soldater är legosoldater
Neste artikkelDagens Ukraina: Å lese Karl Marx er en forbrytelse