Ei nasjonal, europeisk og internasjonal utfordring

0
Egil Lejon

Russlands assisterande forsvarsminister Anatolij Antonov stod onsdag 2. desember i  bresjen for ei mykje solid briefing der staben hans dokumenterte korleis mengder av syrisk og irakisk industrielt produsert olje frå område okkupert av ISIS, blei frakta over grensen til Tyrkia og deretter til tredjeland via den kriminelle svarte oljemarknaden. Dokumentasjonen var overtydande og sterk  – vel og merke for dei som såg dokumentasjonen utan slike obligatorisk påmonterte skylappar me har vorte så vane med å sjå i korporatiivt  kontrollerte media. Men dokumen-tasjonen viste òg sambandet mellom dette oljeranet og levering av våpen, ammunisjon og nye grupper  terroristar tilbake over same grenseliner til Syria og Irak.

Det er sjølvsagt hard kost både for Sultan Erdoğan og for USA og NATO å få dokumentert terroristane sine transportvegar frå austsyriske og irakiske oljefelt til sjølve hjarta av tyrkisk oljeidustri og raffineri omkring byen Batman. Frå denne byen går det ein 500 kilometer lang oljerøyrleidning til den tyrkiske middel-havskysten og hamnebyen Dörtyol i Hatay-regionen. Røyrleidningen har  ein årleg kapasitet for levering av 30 millionar fat råolje, og er eigd og drifta av statlege BOTAS Petroleuim Corporation. Frå Dörtyol køyrer ein nordvestover til hamne-byen Ceyhan på omlag 40 minutt, og her ligg reideriet BMZ som er eigd av Bilal Erdoğan og andre medlemmar av Sultan Erdoğan sin familie. Dette serlskapet er ein storleg spelar på den globale oljemarknaden, og i september i år melde tyrkisk presse at BMZ hadde kjøpt to nye tankskip til ein verdi av 36 millionar dollar.

Etterat den russiske dokumentasjonen på ein klår og overtydande måte hadde vist at Erdoğan og familien hans er direkte involvert i kriminell verksemd og grove brot på internasjonal rett – og i ei verksemd som vanskeleg kan unngå nemninga krigsbrotsverk, så held det offisielle USA fram med å bagatellisera, nekta og elles stø opp om NATO-landet bak denne kriminelle verksemda.  Men som sagt er dette hard kost, og me har òg allereide sett at det blir mykje vanskeleg for Washington å ro dette i land slik ein helst vil. Nyleg høyrde me frå general Joseph Dunford; sjefen for den amerikanske Joint Chiefs of Staff, fortelja ein kongresskomite at Pentagon berre hadde utførd luftåtak på ISIS sine syriske oljetransportar dei siste to månadene – med andre etterat Russland hadde byrja øydeleggja ISIS-kontrollerte oljeanlegg og transportruter. Som grunngjeving for at dette ikkje hadde skjedd før, sa han at Pentagon for meir enn eitt år ikkje hadde funne grunn til å kommunisera dette med USA sitt utanriksdepartement. Både Dunford og forsvarsminister Ashton Carter fortalde komiteen at årsaka til at USA så lenge hadde unngått  å bomba oljekonvoiane til ISIS var  grunngjeve med at USA ville „unngå sivile tap“. Ei fantastisk ‚human‘ grunngjeving etter organiserte drap på millionar sivile i alle imperialistiske krigar USA har stått i spissen for. Og kven vil tru på denne forteljinga???

Attende står sanninga som generalløytnant Sergej Rudskoj leverte under brifinga 2. desember:    

„USA har gjort lite eller ingenting for å stansa terroristane sin illegale oljehandel ut or Syria. Russland, derimot, har øydelagd  fleire titals oljeanlegg og meir enn 1000 tankbiler sidan det byrja sin militære intervensjon for mindre enn to månader sidan – og har såleis kutta terroristane sine smuglar-inntekter med 50 prosent.

                          
Det er all grunn til å tru at Washington no vil gjera fleire og ulike forsøk på utspel med mål å hindra at USA  fullstendig taper andlet – både i høve til verdens-opinionen og til sitt heimlege publikum som framleis trur at USA fører krig mot ISIS. Men det vil vera ein fårleg illusjon å tolka slike utspel i retning av at USA har gitt opp eller moderert sin krig mot President Bashar al-Assad, eller strategien for unipolaritet og global korporativ kontroll. Det må beint fram sjåast som taktiske utspel sikta inn mot passivisering av såvel den heimlege som internasjonale opinionen.
Me bør òg merka oss kor tydeleg og snøgt Tyrkia sin statsminister gjekk offentleg ut og påtok seg det direkte ansvaret for ordren om å skyta ned den  russiske SU-24 jagaren. Som president gjekk Erdoğan straks ut med noko som kunne tyda på at han var lei seg for kva som hadde skjedd: «Me ynskte ikkje at denne situasjonen skulle oppstå, men alle må respektera Tyrkia sin rett til å forsvara grensene sine“, var kva han fortalde journalistar.  Og han la til at denne militære handlinga var heilt i tråd med Tyrkia sine reglar for engasjement. Dermed svelgde han løgna om at jagaren hadde krenka Tyrkia si grense, noko som er dokumentert at jagaren ikkje gjorde. Dessutan såg han bort frå om ei „eventuell krenking“ kunne tolkast som eit åtak på Tyrkia. Likeins gav han med dette eit land som Hellas den same retten til å skyta ned tyrkiske jagarar som omtrent dagleg har krenka Hellas sine grenser.

Davutoğlu tusk
Ahmet Davutoğlu og Donald Tusk – politikar frå to „outsider“ land i NATO med gode relasjonar til naziregimet i Ukraina, og som – om Europa ikkje sluttar å leike – godt kan utløysa ein storkrig.

Likevel har det vore lite fokusert på statsminister Ahmet Davutoğlu si rolle i dette, noko som for så vidt er forståeleg utifrå at det er Erdoğan som er president og den øvste ansvarlige for landet sine handlingar. Og det er dessutan Erdoğan som peikar ut statsministeren frå sin inste sirkel. Likevel bør me minna oss sjølve om at det er statsminister Ahmet Davutoğlu som tener som sjefskommandør for Tyrkias militærmakt, og den som i denne posisjonen er tettast knytt til NATO. Før Erdoğan utnemnde han som statsminister 28. August 2014, fungerte han som landet sin utanriksminister. Hans tyrkiske motstandarar peikar han ut som reine ideologen for eit ny-ottomansk Tyrkia, og han har tette band til Krim-tatarar som lever i Tyrkia. Og han stør det ukrainske nazistyret sin posisjon for å få Krim attende under Kiev-kontroll. Dessutan har han sjølv opphavet sitt i ein prominent Krim-Karaite (eller Qaraylar eller Karaits) familie som som høyrer til denne tatar-jødiske sekta som var mellom dei som på 1800- og 1900-talet emigrerte til Tyrkia. Mange av desse familiane som kom til Tyrkia byrja å identifisera seg som sekulære sunni-tyrkarar og fekk eliteposisjonar i den nye tyrkiske republikken.

Den religiøse Krim-Karaite sekta var opphaveleg tatarar som allereide så tidleg som under Khazar kongedømet i det 8. og 9. hundreåret adopterte jødedomen. Statsministeren sitt tyrkiske namn Davutoğlu, tyder då òg „Son av David“ på tyrkisk. Og namnet er eit velkjend Krim-Karaite familienamn. I fylgje ekspertar har namnet samband med Anan Ben-David som grunnla Karaite-sekta i Baghdad på 700-talet.
Mykje borgar for at historikaren og akademikaren Ahmet Davutoğlu, er eit mykje undervurdert maktmennerske i det tyrkiske makthierakiet, og han fortener mykje større merksemd en kva som faktisk er tilfellet.

Eg vil i ein seinare artikkel koma attende til sambandet Tyrkia og Polen – personifisert ved figurane Davutoğlu og Tusk – samt relasjonen deira til Ukraina og Israel. Hugs at det var Davutoğlu, John Kerry nytta når han ville ha ei tilnærming mellom Israel og Tyrkia. Og både Davutoğlu og Tusk lid under den politiske sjukdomen som kallest russpfobi.  Men eg vender no attende til dokumentasjonen den russiske forsvarsstaben leverte 2. desember. Denne dokumentasjonen som mellom anna viser tusenvis av tankbiler og dagleg frakt av olje stjålet frå Syria og Irak og levert til raffineri i NATO-landet Tyrkia, er ikkje lenger mogleg å halda løynt. Og det viser ikkje berre kva slags falskspelar og kriminell statsleiar Recep Tayyip Erdoğan er, men det viser òg den kriminelle karakteren av NATO-alliansen som sosialdemokraten Jens Stoltenberg er sett i høgsete for. At ein politistat som Tyrkia som har ‚auge‘ på nær sagt kvar einaste kvadratmeter i landet, påstår at styresmaktene ikkje hadde kjennskap til at ISIS si tjuveri av syrisk og irakisk olje enda opp i Tyrkia,.er beint fram låtteleg. Og berre nyttige idiotar kan forsvara noko slikt.
Men det er like låtteleg – og dertil meir skremmande – at dette storstilte tyrkiske tjuveriet av syrisk og iraksk statseigedom utførd i nært i samarbeid med ISIS, skulle vera ukjend for etterretningstenesten i USA og EU. Og når mainstream media forsøker å undertrykka all formidling av denne informasjonen, så må ein kvar reideleg person på denne kloten naudsynleg spørja seg kva denne imperialistiske alliansen ikkje er i stand til, når dette er mogleg?

Det er mykje alvorleg at  til dømes denne solide russiske dokumentasjonen blir systematisk blokkert av media som folk flest hentar informasjon frå. Og det einaste folk flest dermed sit att med av informasjon er at «denne fæle Putin nok ein gong har fare med løgn». PR eller propaganda kalte George Orwell denne formen for ‘journalisme’, eller for å vera eksakt så skreiv han: “Journalism is printing what someone else does not want printed: everything else is public relations.”
John Pilger har heilt rett når han peiker på at denne mediamanipulasjonen ikkje er noka nyhende. Krigsprofittørar har alltid nytta sine media og stengd ute krefter som opponerer mot dei. Nytt seier han, er berre at media aldri før har vore så kontrollerte som dei er no. Kva sit så den anti-imperialistiske opposisjonen att med? Jo, nokre få „avisblekker“ her og der, og så desse usosiale media som Microsoft har lært oss å kalla ‚sosiale‘. I desse sistnemnde media finst det vel mest fjas, ser det ut til for meg. Men òg ein intens og individualistisk kappestrid om å vera best i å forklara verden – frå detaljspørsmål til meir komplekse analyser. Eg er ingen ‚marxist‘, men eg vedgår at Marx hadde rett då han sa at det viktigaste ikkje var å forklara verden, men å endra han. Kva lei verden så skal endrast i, og korleis ei slik endring kan skje, er eit anna spørsmål. Men uansett må dette no vera hovudspørsmålet. Finn me ikkje gode svar på dette spørsmålet risikerer me ei lagnadstung framtid.

Eg har sjølvsagt ingenting imot å nytta usosiale media for det verde det har – inntil ‚nokre‘ meiner det er tid for å trykkja på stoppknappen. Men me endrar ingenting ved å sitja framføre kva vår skjerm å trykkja på „liker-knappen“, eller skriva nokre opplysande kommentarar.  Lat meg ta tri døme – berre tri: Då USA-imperialismen byrja trappa opp den skitne krigføringa i Vietnam, så var hovud-tyngden av norske media positive til dette. Og dei få velmeinande organa som gav rom for litt skeptisme og kritikk var forsvinnande få, Men gjennom åra – og ved hjelp av sosial kommunikasjon, løpesedlar, magasin, aksjonar og demon-strasjonar, vart dette triste biletet snudd – og opinionen landa på For Vietnam. Men lat meg òg streka under: Ei kvar melding – frå den ganske verden – om massedemonstrasjoner og aksjonar for det vietnameiske folket møtte oss alle med glede og von – og gav oss inspirasjon til framhald av solidaritetsarbeidet.
Folkemobiliseringa i 1972 er eit anna døme. Mest alle mediakanalar, regjeringa, regjeringsorgan og hovudorganisasjoner, var massivt for EEC. Kva hadde opposisjonen å stilla opp med? Jo, atter ein gong: sosial mobilisering, og ingen „liker-knapp“ stod då til rådvelde. Heldigvis hadde eg mest sagt – og sa det.
I dag fører norske hamnearbeidarar ein heilt grunnleggjande kamp for rettar me for litt sidan trudde at norske arbeidarar for lengst hadde vunne. Denne kampen er langt meir enn ein kamp for rettane til ei lita yrkesgruppe. Det er ein kamp som gjeld – og vil gjelda, interessene og rettane til heile den norske arbeidarklassen. Det er ein kamp mot globalisering og mot privatseringspøbelen. Men kva ser me? Nokre titals – i beste fall nokre hundre menneske stiller aktivt opp saman med hamnearbeidarane… Eit fleirtal av innbyggjarane i Oslo og Tromsø trykte på liker-knappen og sytte for eit såkalt ‚sosialistisk‘ fleirtal i desse byane. Men kva om tusenvis av menneske stilte opp skulder ved skulder og arm i arm med dei streikande hamnearbeidarane på kaiane? Ja, då ville denne kampen for lengst ha vore vunnen – og folket hadde fått markert at det ikkje godtek åtak på arbeidarklassen sine interesser og rettar.  Skal me nå dit, må me byrja ordskiftast om kva solidaritet eigentleg er. Kva folkeleg mobilisering er. Om kva breie alliansar me treng for å forsvara folkestyret, velferdsstaten, vår den nasjonale suvereniteten var og den internasjonale solidariteten.

I dag er Syria og Mellomausten brennpunktet for den anti-imperialistiske kampen. Og derfor er det så viktig at dei russiske avsløringane av NATO-landet Tyrkia sin rolle som aktiv støttespelar for ISIS, må koma ut til folk. Me har heldigvis RT, Press TV og fleire andre kanalar… Og me må gjera kva me kan for å gjera desse kanalene endå meir kjende blant ålmenta. Det kan best gjera ved – ikkje å nytta likerknappen, men ved aktivt å dela informasjonen med så mange som råd. Men det viktigaste er likevel å vinna gatene, arbeidsplassane og skapa effektive solidaritetsorganiasjonar – ikkje berre nasjonalt, men som del av ei europeisk og internasjonal rørsle.

Forrige artikkelValget i Frankrike: Storkoalisjonen lyktes, men var det smart?
Neste artikkelSyriakrigen og redselen for det tomme rom