Ei julepreike: Stoltenberg og NATO sine vener

0
Dzhemilev og Erdoğan i Ankara

Egil Lejon

Me treng å stilla spørsmålet om møtet Erdoğan nyleg hadde med Mustafa Dzhemilev i Ankara; tyder på noko meir enn ein ny tåpeleg og absurd provokasjon mot Russland?
Dzhemilev var krimtatarane sin leiar av Mejlis (det utøvande organet i krimtatarane sitt politiske system) frå 1998 til 2013, då han vart avløyst av Refat Chubarov.  Dzhemilev fekk Nansenmedaljen i 1998.

Mustafa Dzhemilev er jo ein gammal ven av Erdoğan, og den reaksjonære rørsla hans har lenge fått hjelp og støtte frå Tyrkia. Men no vil han altså ha hjelp til å byggja bustader for Krimtatarane som vil forlata halvøya og det vestlege Ukraina – og busetja seg i Kherson-regionen, der han òg trur at oblastleidinga vil tildela gratis jord for føremålet. I fylgje intervjuet han nyleg gav til „Radio Svoboda“ var dette hovudsaka han hadde diskutert med Erdoğan i Ankara. Men han meinte òg at det var mykje uheldig at krimtatarane elles i Ukraina tenderte til å flytta vestover i landet. Det var mykje skadeleg, sa han, fordi målet måtte vera å konsentrera dei i Kherson oblast kor dei kunne ta vare på kulturen og språket sitt – og at det då òg ville vera lettare å venda attende til Krim når tida var inne for det. I intervjuet nemnde han òg at ein konsentrasjon av krimtatarar i Kherson ville vatna ut den lokale prorussiske folkesetnaden i regionen, som han meinte det var altfor stor.

Dzhemilev og Erdoğan i Ankara
Dzhemilev og Erdoğan i Ankara

Dzhemilev sin omgang med statistikk, kan tyda på at han er like livsfjern som venen Erdoğan I fylgje siste folketeljinga i Ukraina i 2001, var det 248 200 statsborgarar i Ukraina som oppgav at dei var krimtatarar, og av desse budde 98 % på Krimhalvøya. Med andre ord var det berre 5800 menneske som rekna seg som krimtatarar elles i Ukraina. Korleis så desse skulle kunna utvatna den prorussiske befolkninga i Kherson – ein region som har ein samla folkesetnad 1,083,367 – i fylgje usikre tal frå 2012, og der krimtatarane seiest å utgjera 0,5 % av folkesetnaden, er jo litt av gåte..
Men det var kanskje militante krimtatarar frå Tyrkia, Dzhemilev ville ha Erdoğan si hjelp til å byggja „bustader“ for – eller kaserner? For han hadde visstnok òg fortald Erdoğan at krimtatarane hans ville byggja opp sin eigen bataljon i Kherson regionen …

Donald Tusk og Ahmet Davutoğlu
Donald Tusk og Ahmet Davutoğlu

I fylgje offisiell tyrkisk statistikk skal talet på krimtatarar i landet vera 1 million – medan uoffisielle tal frå krimtatarske organisasjonar i Tyrkia hevdar at talet er minst 6 millionar.  Og no om dagen er denne folkegruppa den truleg mest lukkelege for det mykje forverra tilhøvet mellom Tyrkia og Russland.
Når ein tenkjer på dei enorme tapa rekna i drepte og såra som den ukrainske hæren har hatt; at dei no tærer på kampudyktige reservar; at hæren er fullstendig demoralisert og har lidd og lid under skyhøge deserteringstal, så kan ein logisk sett ikkje sjå burt frå at dette kunne vera ei anna tema som stod på dagsorden i møtet mellom Dzhemilev og Erdoğan …
I tillegg kjem at USA har mista mykje av sin ukrainske appetitt då Krim vende tilbake til Russland. Så kven skal „frigjera“ Krim og syta for at appetitten vender attende?

Porosjenko og Erdogan
Porosjenko og Erdoğan

Eg har tidlegare skrive om den tyrkiske  statsministeren; Ahmet Davutoğlu, si rolle i dette. Han har sine røter i ein krimtatarisk familie – rett nok i ei tatarsk ætt som tidleg konverterte til jødedomen, noko som òg gav meining i at det nettopp var han Obama-administrasjonen gjorde bruk av i  forhandlingar om å normalisera tilhøvet mellom Tyrkia og Israel.
Tyrkiske motstandarar av Erdoğan-regimet peikar òg ut historikaren Davutoğlu som den eigentlege ideologen for eit ny-ottomansk Tyrkia, og han har tette band til krimtatarar i Tyrkia. (Sjå meir om dette i artikkelen eg nyleg publiserte i gjestebloggen til Steigan.no).

lejon4

Anti-imperialistar har med rette fokusert mykje på Banderanazistane i OUN, UPA  og SS-Galizien i høve til nazikuppet i Ukraina. Men i samanheng med kva eg prøver å fokusera på her, må det òg minnast om at det også eksisterte eit muslimsk Waffen-SS rekruttert frå nazivenlege og russofobe muslimske miljø på Krim og i Kaukasus. Og ideologen bak nazismen sin Ost-strategi og det tyske Lebensraum var det den Estlands-fødde tyskbaltaren og raseteoretikaren Alfred Rosenberg, som stod for. Og det var han Hitler òg utnemnde til øvste sjef for Reichsministerium für die besetzten Ostgebiete etter invasjonen i Sovjetunionen. Planen hans var å organisera Reichskommissariats i okkuperte område på dette viset: Ostland; baltiske land + Kviterussland, Ukraine; Ukraina og næraste territorier, Kaukasus; heile området under eitt – og Moskau; storbyområdet og resten av det europeiske Russland.  Men for å nå dette målet måtte Russland innringast ved hjelp av nazivenlege friviljuge i okkuperte område, der altså det muslimske Waffen-SS var ein del av konseptet.
Einkvar som har lese Zbigniew Brzezinski si bok The Grand Chessboard: American Primacy and Its Geostrategic Imperatives (1997) ; som jo er ein strategisk plan for å skapa USA-leidd unipolar globalisme, vil måtta sjå likskapen mellom Brzezinski sin plan og den planen Rosenberg presenterte for Hitler. Og meir: Likskapen mellom desse planane og NATO-strategien som sosialdemokraten Jens Stoltenberg gjer seg til ihuga talsmann for. Då kan ein jo heller ikkje undrast over at Stoltenberg søkjer sine vener i Baltikum, Polen – og då Donald Tusk, i det ukrainske naziregimet, i Georgia, i det ny-ottomanske Tyrkia og i det djupt reaksjonære Saudi-Arabia.
Det eg undrar meg over er at det ikkje har oppstått ei brei og kraftig anti-NATO rørsle i Norden og resten av Europa, som nektar å vera med på denne aggressive krigsførebuinga og slik vera viljuge til å utsetja folka og landa sine for kva som vil vera den openberre konsekvensen dersom desse krigshissarane får kjøra løpet sitt. Men kva kan ein venta av når dagens såkalte “venstreside“ er merkt av eit ufint miks av åndeleg sjeleastma, politisk ignoranse og trotskisme…

Forrige artikkelIllusjoner om Podemos
Neste artikkelGallup: 8 % av ukrainerne fornøyde med regjeringa