Investorvernavtalen TiSA – Demokrati på opphørssalg!

0

Den 10. oktober vil eit trettitals organisasjonar demonstrere utanfor Stortinget mot frihandelsavtalen for tenester, TiSA, som Norge er med i forhandlingar om på tredje året.

Det er på høy tid å demonstrere mot denne avtalen. På nettsidene til Folkeaksjonen mot TISA skriver Odd Tarberg:

På kva måte er TiSA verre på dette området enn EØS? Ved at TiSA legg opp til å overføre makt, ikkje til ein politisk union, med i det minste eit påstått sosialt formål, men i staden til dei multinasjonale storselskapa som berre har interessene til sine ansiktslause aksjonærar som oppdrag.

Han gir sjøl eksempler på hva dette betyr:

– Eksempelvis fordi avtalen vil innehalde ei tvisteløysingsording som gjer at eit land som måtte finne på å endre regelverk og lover slik at selskapa får redusert si inntjening, risikerer å bli saksøkt med store erstatningskrav i regi av utenomrettslege tribunal. Og dette også i tilfeller der slike lover har gode grunngjevingar. Sjølv om det ikkje er gitt at selskapa alltid får medhald i slike utenomrettslege tribunal, så er berre kostnadane ved slike rettssaker er så skremande at berre risikoen for dette virkar lammande på politiske styresmakter. (Dette finns det fleire eksempel på frå liknande avtalar).

– I tillegg legg denne avtalen opp til å gi desse utenlandske selskapa ein rett til innsyn i det som nasjonale og lokale styresmakter måtte ha av planar om politiske vedtak som kan påvirke selskapa si inntjening. Dette for at selskapa endå meir enn no skal kunne drive aktivt lobbyarbeid og påvirke den politiske prosessen for å fremme sine interesser. Eit hårreisande udemokratisk element, som tydeleg viser i kor stor grad det er investorinteressene som dikterer korleis avtalen skal sjå ut. I denne samanhengen er det relevant å minne om at ein av EU sine hovedforhandlarar har fortalt at EU sine forhandlingsposisjonar blir “kvalitetssikra” av dei europeiske storkonserna sin interesseorganisasjon, European Services Forum, ESF, medan andre interesser, inklusive dei folkevalde politikarane på parlamentsnivå, knappast anar kva som foregår i forhandlingane… (Michel Servoz, DG Trade’s lead services negotiator: “The positions of negotiation that we took, we verified them with ESF so that we could know whether it answered their need”). Dette er eigentleg ein heilt fantastisk situasjon, når vi veit at desse ”posisjonane” er ytterst ideologistyrde og dermed i høgste grad diskutable…

Les resten av artikkelen her.

Det er altså på høy tid at det mobiliseres på gatene mot TISA, og også mot TTIP. Dette er nyliberale avtaler som tar sikte på å styrke de multinasjonale selskapenes makt og drastisk redusere den nasjonale sjølråderetten. Altså: Ut på gatene 10. oktober!

KampanjeStøtt oss

Du kan diskutere artikler fra steigan.no på: https://motdagforum.no

Bruksanvisning for å bli medlem er her:
https://steigan.no/2021/03/bruksanvisning-for-a-registrere-bruker-pa-mot-dag-forumet

Du kan abonnere på steigan.no her. Det koster ingenting.

Men hvis du vil være med på å opprettholde og styrke vår kritiske og uavhengige journalistikk, kan du også gjøre det:

Vipps: 116916.

Eller du kan betale inn på Mot Dags støttekonto: 9001 30 89050 – eller gå inn på vår betalingsordning.