Fred eller siger?

0
Hans Olav Brendberg.
Hans Olav Brendberg

Fredsprat i krigførande nasjonar er ikkje alltid like populært. Då Lord Landsdowne tok til orde for forhandlingar med tyskarane hausten 1916 vart dette møtt med svært illske reaksjonar frå dein britiske eliten. I krigstidas Sovjetunionen kunne fredsprat på feil stad føra til streng straff. I sine radiotalar til nasjonen snakka ikkje Stalin om fred. Kravet var heile tida «død over dei tyske agressorane og deira handlangarar». Sjølv når det såg som mørkast ut Stalingradhausten var ikkje fred noko alternativ. Men om fred ikkje var mogleg, var sigeren mogleg. Og krigen enda med at dei tyske agressorane og handlangarane deira vart stilt for retten. Fleire av dei vart hengt.

Dette innlegget av Hans Olav Brendberg burde være kontroversielt, så jeg håper det kan spore folk til diskusjon. Noe av poenget med å invitere gjestebloggere er å få fram ulike syn på en sak.

– Pål Steigan

Det er ikkje alltid fred er eit alternativ. Det spørst mellom anna kven motparten er, og kva målet til motparten er. Om fred ikkje er mogleg, kan det henda du er nøydd til å gå for siger i staden. Slik sovjetarane måtte etter åtaket i 1941 – til uhorvelege kostnader.

Palestinarane har ikkje noko fredsalternativ. I hundre år har ei politisk rørsle – sionismen – arbeidd for å ta landet frå dei og byggje ein eksklusiv stat for jødar i staden. Måla til denne rørsla er ikkje hemmelege. På nittitalet kunne det sjå ut som om det fanst ei fredsrørsle på israelsk side som var viljuge til å gå med på det einaste moglege kompromisset: Ein palestinsk stat på Vestbreidda og Gaza, med hovudstad i Aust-Jerusalem. Det er snart tretten år sidan denne synkvervinga forsvann. Det finst ingen fred, like lite som det gjorde det for dei sovjetiske soldatane i Stalingrad. Det meste palestinarane kan vona på er våpenkvile. Men våpenkvile er ikkje fred, våpenkvile er berre in måte å kjøpa seg tid på medan krigen held fram. Kor mykje tid har så palestinarane?

Ikkje så mykje. Tek ein seg tid til å sjå konflikten over tid, ser ein at palestinarane har vorte utsett for ein særs tolmodig salamitaktikk. Bit for bit, kvadratmeter for kvadratmeter har landet deira vorte spist opp, medan dei har vorte dytta til sides og samla i fattige og overfyllte byar og leirar. Mange har hamna som flyktningar i nabolanda. Prosessen held fram – både innanfor staten Israel og i områda som vart okkupert i 1967. Beduinane i Negev har landsbyar som ikkje er meir verna av deira israelske statsborgarskap enn det palestinarane på Vestbreidda er verna av folkeretten. Palestinarane har ikkje så mykje tid igjen.

Dei siste tretti åra har det vorte snakka mykje om fred, men resultatet er ynkelege lite – om ikkje motbydeleg lite. Det som i praksis er resultatet av fredspratet er at israelarane har ekspropriert store landområde på Vestbreidda og samstundes bygt busetjingar fortare enn nokon gong. Det er forståeleg at ein trudde på dette fram til 2001. Men å tru på fred med Netanyahu og dagens regime syner ein mangel på røyndomskontakt som palestinarane vil måtta betala dyrt for. I Luthers katekisme vart tru definert som å tru fullt og fast på det ein ikkje veit. I dette tilfellet tyder det å tru fullt og fast på det motsette av det vi veit. Vegen til fred er stengt for palestinarane. Dei har ingenting anna å vona på enn siger.

Difor er det på tide at fredspratet tek slutt. Det er korkje moralsk forsvarleg eller kledeleg lenger. Det blir ikkje nokon palestinsk stat på Vestbreidda og Gaza – forestillinga er slutt og skodespelarane har gått heim. Det er berre dumt å sitja att i benkeradene og lata som om forestillinga held fram etter pausen. Det er berre ein ting som står att uprøvd. Det bur om lag like mange palestinarar som jødar i det området Israel insisterer på å kontrollera. Sidan Israel ikkje er viljug til å la dei byggja stat, må Israel i staden annektera dei områda som dei okkuperte for snart femti år sidan. Palestinarane som bur i desse områda må få borgarrettar på lik line med andre. Lova må gjelda likt for alle, alle palestinske militsar må levera in våpna mot at politiet får plikt til å verna palestinske liv og palestinsk eigedom på line med jødiske liv og jødisk eigedom. Det jødiske nasjonalfondet og andre institusjonar som tek sikte på å diskriminera mellom jøde og ikkje-jøde i Israel må oppløysast. Så må det veljast ei grunnlovgjevande forsamling der alle innbyggjarane i landet kan senda representatar slik at Israel/Palestina får ei grunnlov. Hebraisk språk og jødiske institusjonar må finna sin plass i fellesskapet – slik kristen og muslimsk religion og arabisk språk også må gjera det.

Kampen for borgarrettar må følgja hovudlinene frå liknande kampanjar i tidlegare tider, og ein må ta eit oppgjer med fortida gjennom ein sanningskommisjon av same slag som i Sør-Afrika. Så lenge israelske styresmakter insisterer på at millionar skal vera rettslause må alt boikottast: Akademia, kultur, idrott, handel. Og så må vi avvisa fredspratet. Fredsprat i ei tid der krigen ikkje er til å unngå er å spreida defaitisme og å øydeleggja for ein rettferdig kamp. Palestinarane har sjølvsagt krav på fulle borgarrettar i sitt eige land. Israel har no demonstrert for all verda at ein palestinsk stat ikkje står på dagsordenen. Då er dette det einaste som er uprøvt.

Det er heller ingen grunn til å lata som om dette berre dreier seg om Palestina. På nittitalet gav den israelske professoren Israel Shahak ut boka «Open Secrets», der han syner korleis Israels utanrikspolitikk tek sikte på hegemoni i området mellom Pakistan og Mauretania. I USA gav ei gruppe nykonservative samstundes ut eit notat – «A Clean Break» – der dei la fram sitt alternativ til Oslo-prosessen. I staden for ein palestinsk stat skulle Israel omforma sitt geopolitiske miljø slik at ein ikkje lenger var nøydde til å inngå eit kompromiss med palestinarane. Dei nykonservative er ei politisk sekt som er nært knytt til Israel og den amerikanske israellobbyen. Etter 9/11 fekk dei nykonservative setja dagsordenen for Bush-administrasjonen sin «krig mot terror».

I boka «The Transparent Cabal» syner den amerikanske historikaren Stephen Sniegoski i detalj korleis desse kreftene stod bak Irak-krigen, og kva føremålet var. Irakkrigen var ikkje nokon krig for olje, det var ein krig for Israel som tok sikte på å kløyva Irak etter sekteriske skilje. Det er denne prosessen vi i dag ser i full bløming i Irak og Syria: Landa blir kløyvd og øydelagt etter sekteriske skilje, heilt i samsvar med oppskrifta den israelske journalisten Oded Yinon la fram tidleg på åttitalet. Det ligg eit blodspor med godt over ein million drepne igjen etter den israelske politikken for å kløyva og øydeleggja arabiske land. Men det ligg også eit papirspor som gjer det mogleg å sjå mønsteret for den som vil. På mange hald finst det liten vilje til å følgja dette papirsporet – ntt som mange er uviljuge til å innsjå at sionismen faktisk tek sikte på å oppnå det ein har hatt som erklært mål i over hundre år: Ein reint jødisk stat i heile Palestina. Men fakta er diverre slik dei er: Israel er viljuge til å skriva under våpenkviler med palestinarane. Men berre av di Israel framleis treng tid til å gjennomføra den geopolitiske revolusjonen som vil gjera det mogleg å «løysa» det palestinske problemet med rein maktbruk. Ingen kan i ettertid påstå at vi ikkje har fått åtvaringar. Sist var det visepresidenten i Knesset som tok til orde for å fordriva palestinarane på Gaza til teltleirar på grensa til Egypt.

Heile den lange, seige og blodige prosessen vi står midt oppe i har kome som eit alternativ til nittitalets fredsprosess. Osloprosessen var mogleg å tru på som eit alternativ – i alle fall om ein ikkje studerte avtalane alt for godt. Men som Edward Said, Israel Shahak og andre peikte på allereide den gongen var det liten grunn til å tru at prosessen skulle føra fram til fred. Til det var avtalane alt for einsidige. Målet til Oslo-prosessen var ikkje fred, men kollaborasjon. Då Israel okkuperte Vestbreidda og Gaza i 1967 trong landet kollaboratørar, og i byrjinga var de dei gamle, føydale potentatane som hadde styrt under Jordan som heldt fram med dette under det israelske regimet. Dette braut saman midt på syttitalet, og Israel oppretta «landsbyligaer» av profittørar og opportunistar for å styra på vegne av okkupanten. Men etter intifadaen i 1987 braut også dette systemet for kollaborasjon saman. Det vart svært kostbart for Israel å styra Vestbreidda og Gaza direkte med militærmakt, både økonomisk og militært. Den israelske politikken for å «knekke beina» til ungdomane som gjorde motstand tok seg dårleg ut.

Osloprosessen fekk eit svekka PLO til å gå inn i kollaboratøren si rolle. Til gjengjeld fekk PLO løfte om ein kortvarig fredsprosess som skulle føra fram til ein palestinsk stat før tusenåret gjekk ut. Vi er no fjorten år på overtid, og fredsprosessen finst ikkje meir. Vår rolle som «fredsnasjon» er ikkje lenger å leggja til rette for ein palestinsk stat. Vi skal sikra kollaborasjon – fred og ro – medan Israel førebur si eiga løysning på «palestinarproblemet». I «good cop/bad cop»-spelet er vi den snille politimannen som snakkar hyggeleg og forsonande med fangen etter at kollegaen har slått han blodig. Det er ikkje ei rolle som er uproblematisk. For vi kjem ikkje til å gjera noko for å stogga mishandlinga. Neste gong den slemme politimannen bed oss om å forlata rommet slik at bankinga kan byrja på nytt, vil vi rusla ut stille og utan meir enn halvhjarta, verbal protest. Den norske rolla er ein del av okkupasjonsregimet: Vi betalar for dei utgiftene til gjenoppbyggjing og humanitær hjelp som det etter folkeretten er Israels fordømte plikt å syta for.

For Noreg har ikkje nokon eigen palestinapolitikk, like lite som USA har noko slikt. Under siste krig gav Obama og 100 amerikanske senatorar full støtte til dei israelske pogromane på Gaza. Sionistane har arbeidd i hundre år for å perfeksjonera maktbasisen sin i USA. Store pengesummar er brukt. I dag har dei noko nær mediemonopol, dei har enorm tyngde i amerikansk akademia og dei har ei svært stor rolle i å finansiera valkampen til amerikanske politikarar. Ingen seriøs amerikansk politikar kan leggja seg ut med denne maskina – dei som har prøvt har for lengst vorte kasta ut av amerikansk politikk. USA har den politikken i Midt-Austen som Israel gjev dei lov til å ha. Nokre har prøvt å føra ein annan politikk, den rosen skal faktisk Obama ha. Men forsøket har berre ført til ei øydeleggjande vingling som likevel endar opp i 100% støtte til Israel. Å tru at svært USA-lojale Noreg har ein eigen politikk er å lura seg sjølv. Vi har ei rolle som skil seg frå USA – praktisk og retorisk. Men denne rolla inngår i det større mønsteret. Vi skal vera med å sikra palestinsk kollaborasjon medan Netanyahu gjennomfører den geopolitiske revolusjonen denne rolla inngår i. Ein dag har han ikkje bruk for den snille politimannen lenger, og vi blir bedne om å pakka saman forbindingssakene, protesene og dei andre hjelpetiltaka. Då er Israel klar til å gje palestinarane same lagnad som armenarane ved Vansjøen og prærieindianarane.

Enno har vi heldigvis noko tid før vi er der. Men denne tida må brukast fornuftig, om vi skal unngå å vera med å leggja til rette for folkemord. Det er på høg tid at vi sluttar å snakka om fred. Palestinarane bur i sitt eige land, og har krav på fulle borgarrettar i dette landet. Delinga av Palestina i 1948 vart gjennomført av di ein hevda at dette var einaste måten å få slutt på valden på. Sidan har millionar døydd – av di delinga for alvor gjorde valden mogleg. Ein eksklusiv, jødisk stat er eit trugsmål mot fred og stabilitet i verda, og utgjer ein overhengande fåre for folkemord andsynes palestinarane i Palestina. Dei svarte i USA og Sør-Afrika fekk til slutt røysterett – og det er på høg tid at palestinarane får røysterett i sitt eige land. Skal dette skje må vi slutta å snakka om ein umogleg fred, og heller byrja sjå nærare på ein mogleg siger.

Då pantelånaren heldt på å drukna bad ikkje redningsmannen han om å gje han handa. For pantelånaren hadde aldri gjeve nokon noko som helst, og kom aldri til å gjera det. Redningsmannen sa «Ta handa mi», og pantelånaren vart berga. Kravet til Israel må vera full anneksjon av Vestbreidda og Gaza. Sidan Israel ikkje vil gje slepp på desse landområda, får israelarane godta at dei som bur der blir israelske borgarar. Det skodespelet som heiter «fred» har allereide teke livet av alt for mange, og kan ikkje halda fram. Det er også ei misforståing å tru at ein gjer israelske jødar nokon teneste ved å la sjåvinismen løpa løpsk i ein eksklusiv stat. Det einaste ein oppnår er å utsletta den humanismen som også er ein del av den jødiske arven. Den som kjenner jødisk historie veit at denne sjåvinismen også vil råka jødar når prosessen har gått langt nok.

Forrige artikkelTyske Handelsblatt: – Vesten er på feil vei
Neste artikkelKlassekampen om Ukraina